tirsdag 11. februar 2014

Mitt første boligstyling for salg -oppdrag! :)



Hei hei alle sammen!

I midten av januar hadde eg mitt første oppdrag som (hobby)interiørstylist, 
der eg skulle gjere ei 2-roms leiligheit 
salgsklar her i Bergen by:) 
Eg gjekk inn i oppgåva med skrekkblanda fryd, 
er jo eit stort ansvar og første gangen 
ein gjer noko nytt er alltid litt skummelt!

Først så snakka eg med kunden om kva tankar
 han hadde rundt oppdraget og det gjekk som ein drøm, 
eg fekk omtrent frie tøyler ;)

Så laga vi ein slagplan, 
samt renska og plukka vekk alt
som ikkje er naudsynt å ha med på fotografering/visning. 
Eg tenker at det er halve jobben,
då ser romma større ut og og gir eit roligare uttrykk :)


Dagen etter var vi på shopping,(med handleliste)
og så var det klart for styling!

Eg har satsa på enkelt & stilfullt, og her er resultatet:)



Soverommet:











Badet:











Kjøkken:

Her har eg dekka eit tomannsbord med vin på bordet, 
for å skape ekstra hygge :)







Stue
















Når ein skal selge bolig så tykkjer eg det er viktig at den appellerer til flest mogleg både i alder og kjønn. 
Då gjeld det å skape ei atmosfære som alle kan like :)
Eg valgte mørk lilla som dekorfarge i alle rom, 
eg tenker at den er ganske kjønnsnøytral, 
samt at eg syns ein gjennomgåande farge 
gir eit godt heilheits-inntrykk :)

(Og dess fleire som likar boligen, 
dess fleire kjem på visning og byr ;)

Og apropo det! 
leiligheita blei seld etter første visning 
og det for 350.000 kr over takst, juhuu! 
Gjett om både kunden og eg blei glad då! 
Tykkjer det er eit fantastisk godt resultat 
slik boligmarkedet er pr no :) 
Og då har eg vertfall ikkje bomma fullstendig 
med mitt første oppdrag som (hobby)interiørstylist :))

Dette har gitt meg sjølvtillit til å ta fleire slike oppdrag, 
så kjenner du nokon som treng 
ein sjølvlært interiørkonsulent 
så er det berre å gje meg ein lyd :))

Ha ein strålande aften,







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Blir veldig glad
om du legg igjen ei koseleg helsing
når du har besøkt meg her inne:)♥