torsdag 26. september 2013

'Gull av gråstein' :)

God morgen kjære alle!


Forige helg var eg ein tur heim til Sunnfjord, 
og lukka var stor når eg fekk ein gammal øydelagt varmeovn 
av bestemora mi, som hadde stått på eit kott i årevis :) 
Eg tykkjer desse er SÅ tøffe, 
og eg har sett mange som har gjort dei om til lamper. 
Eg ante ikkje korleis eg skulle gjere det, 
men eg likar utfordringar, så tenkte som Pippi: 
'Dette har jeg ikke gjort før, så det kan jeg helt sikkert' ;)

Det var vore mange humpar undervegs, 
men eg er veldig fornøgd med resultatet!

Her kjem før/etter -bilder:





Ovnen hadde sett sine betre dagar ja....






Her har eg skrudd av botnen, 
og der var det mykje grums og skitt!
Var eit styr å få løsna innmaten, skruane var rusta 
og ikkje enkelt å komme til... 
Men etter iherdig innsats så gjekk det ;)



Her har eg brukt kromrens, ei tube eg kjøpte på Clas Ohlson.
Den funka som ei kule, det blei kjempeblankt og fint!

Eg lurte lenge på kva farge eg skulle bruke på ovnen, 
først så tok eg eit strøk med kvitt, men syns ikkje det blei fint.. Har så mykje i den fargen frå før, og eg ønska at den skulle skilje seg ut litt meir frå det andre interiøret. Så då blei det ein lys grålilla, den samme som eg har på fondveggen i stua :)
Sidan eg brukte interiørmaling så spraya eg eit strøk 
med klarlakk oppå, for å få ein blank finnish 
og det er lettare å halde den rein :)

Når det gjeld sjølve lyset i ovnen, 
så har eg kjøpt ein lampeledning med dimmar
 og vanleg lyspære på Clas Ohlson som ligg inni  :) 

Eg såg(etter eg hadde skrudd den saman og lampeledninga var på plass)at fargen inni ovnen viste veldig godt... Så då var det berre å demontere den igjen og male innvendig også...
Skal ikkje vere enkelt ;)


...Men her er altså resultatet:



...Ser at eg må skrape litt maling av krom'en... ;)


Lurte på kor eg skulle plassere den nye fine lampa mi, 
men syns den passa fint her :)


Dette bildet tok eg i gårkveld, blei kjempefin stemning av lyset syns eg :)


Etter eg starta på blogginnlegget så kom eg på at eg 
har ein wallsticker eg ikkje har brukt, 
som kanskje kunne vere fin på ovnen. 
Så eg rota den fram og klistra den på :)




Ja kva syns du? 
Var den finast med eller uten wallsticker på? :)


Eg håpar du blei litt inspirert til å kanskje gjere noko liknande sjølv, der er mange gamle ting som kan få nytt liv 
og bli noko heilt anna og unikt :)
Og ein treng ikkje vere spesialist på området,
 eg hadde aldri gjort dette før, eg prøva og feila 
heilt til eg fant ut av det :)

Ynskjer deg ein strålande fin haustdag, 
her skin sola frå skyfri himmel :)

Take care,

søndag 15. september 2013

Haust på soverommet :)

God søndagskveld!

Idag har eg latt hausten sleppe inn på soverommet mitt :)
Tykkjer det er kjekt å markere årstidene i både interiør og tekstilar, og soverommet er intet unntak :)

Eg har valt ein mørk beige tone, både på gardinene og sengetøyet.
Ikveld har eg i tillegg tent masse lys, det høyrer hausten til!

Og i dag har det vore skikkeleg hauststorm her på vestlandet, vinden ular rundt nåva :)













Elskar levande lys :)







I kveld blir det godt å legge seg, i reint vakkert sengetøy 
og med masse stemningsfulle lys, 
medan vinden ular ute :)


Take care,

søndag 1. september 2013

Hausten er her!




Hei kjære alle saman!

Oj oj no er det frykteleg lenge sidan sist, godt å vere tilbake i bloggverda :)
Eg har hatt ein kjempefin sommar, der eg har besøkt vennar og familie og kosa meg med min vesle skatt :)

Men no er nok sommaren over, idag er det eit voldsomt regnveir og haustfølelsen er over meg iallefall :)
Og då føler eg for å forandre litt i interiøret, vekk med søte pastellar og fram med litt mørkare tonar :)

Her er litt av det eg har gjort for å markere at vi går inn i ei tid der lufta blir skarpare, kveldane mørkare og koseteppet kjem fram :)





Happylights gir den rette stemninga :)


Kloke ord <3


På tide å finne fram varme gode skjerf igjen :)


Veldig glad i desse perlehjertene frå Kremmerhuset :)



Kos :)


Får ikkje nok av levande lys :)


<3

Fuglehuset mitt :)


Elskar denne koppen frå Mugtail :)



Eg tykkjer tekstilar er ein fin måte å endre uttrykk på og markere årstider, så her kjem ei knippe med nye puter :)



Min nye favoritt!
Ei fantastisk tøff pute, akkurat passe slitt :)
(Frå Bohus)

Finaste revepusen :)
Dette er Joacim si pute, han digger den :)
(Frå Kremmerhuset)

Ska tru kva denne karen tenkjer på? :)
(Frå Barfota)


Når eg ser på denne så lengtar eg ned i fjæresteinane <3
(Frå Barfota)


Voilà!
Ja her ser dere korleis det ser ut i stova mi no, 
etter eg har invitert hausten inn :)
Manglar litt blomstrar, dei skal eg kjøpe i morgon :)



Har du markert innmarsjen til hausten i din heim? 

Ynskjer deg ein koselig kveld,