torsdag 28. februar 2013

Malesirkus :)

God torsdag!
 
Eg har lenge tenkt at eg skulle male skjenken min, syns ikkje det har komt heilt til sin rett når den var kvit mot lys vegg...
Så i går fekk eg fingen ut og kjøpte maling :)
Ville ha ein lys grå-blå, og syns malinga var nydelig når eg åpna lokket, dette skulle bli bra!
....Men etter eg hadde mala eit strøk såg eg at dette kom ikkje til å funke.... ALTFOR blå og for sterk farge....
Hørt om ein blå elefant i stua?
..Det var det eg hadde!
Fant ut at eg skulle sove på saken,
men blei endå meir overbevist om at eg måtte male den på nytt...
Så idag hasta eg på malebutikken
og kjøpte ein mellomgrå farge som heiter Nøytral:)
Og no er eg kjempefornøgd!
Passa godt inn i mitt svale fargespel :)
Sterke farger funker berre ikkje for meg,
dei må vere små drypp i tilfelle :)
 
Her er resultatet:
 

Fargen forandrar seg med lyset,det liker eg :)


 
 
Kva syns du? :)
 
 
 
 

torsdag 21. februar 2013

Nye stoltrekk :)

Hei hei :)
 
Idag har eg skifta trekk på spisebordstolane mine :)
Dei eg hadde var blitt flekkete, og eg var ganske lei
av det motivet som var på...
Så eg har kjøpt fem forskjellige tøystykke (Tilda) frå Panduro :)
Elskar dei nydelege fargane og mønstera,
minner meg litt om GreenGate :)
 
Her er resultatet:
 
 


















 
Eg syns det blei fresht og vårleg, og gøy med ulike motiv :)
 
Kva syns du? :)



søndag 10. februar 2013

Morsdag♥

God morsdag til alle vakre flinke mammaer der ute :)
Eg har hatt ein vedunderlig fin dag i dag,
saman med min vesle skatt
 
Det heile starta med at fine guten min vekte meg
med ein vakker blomsterbukett og eit nydeleg kort på senga
Heile han lyste, han var så stolt og forventningsfull :)
 
Han var ute på 'shopping' i går,
hadde med seg pengar og gjekk i butikken heilt åleine :)
(Mammaen holdt seg i nærleiken, på ein stad han hadde bestemt ;)
Når vi kom heim sette han seg
på kjøkkenet og laga kort:)
(Mammaen hadde funne fram litt ting som han kunne lage av)
SÅ spent og med eit stort smil la han seg
på kvelden og sa at eg kunne GLEDE meg til morgondagen :)
Og det hadde han jammen rett i, berre sjå her:
 
 
 
Finaste buketten

 
Nydelige fargar :)


Eg elsker gåsungar, og det veit han
 


Og sjå på dette hærlige kortet, mammahjertet blei sååå glad♥


Kortet har fått plass over senga mi,
og minner meg på at sjølv om det kan vere stridt innimellom
så er det ingenting som betyr meir enn kjærleiken frå barnet sitt
 
 
 
Vi har laga lapskaus med pinnekjøtt (eller suppe blei det vel;)
Spelt 4 på rad i bøttevis
Vert ute på sykkeltur i deilig solskin og
 Drukke varm sjokolade med krem når vi kom heim :)
 Vi avslutta morsdagen med film & popcorn :)
 
Kan ei mamma ynskje seg meir?
 
 
 
 
 
 
 

søndag 3. februar 2013

Gjenbruk av stearinlys :)

 
Hei hei alle sammen og god søndag :)
Tenkte å vise dere korleis eg har smelta om
gamle lysrestar til nye fine lys :)
Her finn du god informasjon
om alt du trenger å vite før du set igang :)
 
 
Eg har samla opp masse lysrestar, her er litt ;)
 
Ein møysommeleg prosess å smelte lys, tek si tid!

 
Viktig å sile lysmassa etter smelting, for det blir mykje grums..
Eg har brukt gamle knestrømper :)
 
Eg har kjøpt lysveke på Panduro, og festa dei i trepinnar :)
 
 Her er resultatet:



 








 
 
Som dere ser så er det berre fantasien som set grenser for kva ein kan støype lys i :)
Eg har også valgt å ha duftolje i mine lys :)


Her har nokre av lysa fått komme på plass i interiøret :)

 
 
Ja då håpar eg dere er blitt inspirert til å prøve :)
Det er litt tidkrevande, med veldig gøy! 
 
Og dette må vel kallast gjenbruk på sitt beste? :)