søndag 29. april 2012

Greengate :)

God søndagskveld :)


Har lyst til å vise dere noen fine Greengate-produkter!
Syns dei er så dekorative å ha ståande framme på disken:)


Handsåpe som luktar deilig sitrus :)


Oppvaskmiddel som også luktar friskt :)





Kunne du tenkt deg slike framme på disken?





fredag 27. april 2012

Eg elsker min Panco ♥

God fredda'!
Eg har lenge vert på leit etter ei Pancohylle, og gleda var stor då eg ENDELIG klarte å få napp :))
Eg hugsar mi kjære bestemor hadde ei slik, eit kjært og godt minne
Den var ganske så slitt etter tidens tann, både boksen og skuffene, men ikkje så rart - den er jo ca 60 år!
...Så eg har tatt ein 'total makeover' på den:
Pussa ned boksen, vaska den grundig med salmiakkvatn, grunna den og malte to strøk med lys grå oljemaling. Skuffene malte eg to strøk med kvit bengalakk og vaska dei godt oppi:)

Og eg er svært nøgd med resultatet!


 

Før:

Slik såg hylla ut når eg fekk den i posten:






Eg har fyllt skuffene med bakevarer:



 





Kva syns du om min Panco? :)

Ønsker deg ei strålende helg!♥






søndag 22. april 2012

Utestova er klargjort for vårkos :)

God vårkveld kjære alle :)

For ein deilig dag det har vert idag!
Eg har lenge tenkt at eg burde ta ein shinings i utestova, og idag fekk eg endelig ånden over meg ;)
Så eg har skura både muren, golv og nips,samt rydda og stellt blomster :)
Lille har vert i bursdagsbesøk, og da benytta eg tida til å gå på Plantasjen for å handle inn nokre nye blomar; fire velduftande Lavendel, ein Hortensia og ei lita rosebusk samt gjødsel og ny jord:)
Og pent blei det, til slutt ;)
Men for ein prosess, eg er ei skikkelig grisejente (ja ikkje missforstå ;)når eg held på, det var jord og gjødsel både her og der, og hadde eit fæla styr med å få det reint etterpå hihi :))
Men utstyrt med humor og sjølvironi så klarer eg heldigvis å sjå komikken i det ;) (Bør kanskje nevne at eg allerede hadde vaska golvet, og sjølvsagt måtte gjere alt på nytt;)

Så etter mange timar er eg endelig i mål, og eg må sei eg er veldig fornøgd :)

Her kjem litt bilder:


Pent & rent ;)


Skrifta på ein stol(sjå bilde over) 
-som eg redda fra containerdøden i fjor :)
Dette er Lille sin, eg er veldig glad i den


Eit søtt lite Lavendeltre









Her har det skjedd litt nytt :)
Legger dere merke til 'låvedøra' mi? :)
Så fornøgd med den!
Lurer på om eg skal male den lys lys blå,
Kva syns du? :)


Elsker Hortensia :)


Vårstemning :)


Eg syns det blei kjempekoselig 'på låven' ;)


Pippen er på plass ;)


Her kjem det urter etterkvart :)


By night!


Her er det deilig å vere
både i sola på dagen & på kvelden med
masse levande lys



Ja det var ein 'tour' på terrassen min, eg blir veldig glad for besøk, så det er berre å ta ein tur :)

Så kva syns du om utestova mi? :) 






mandag 16. april 2012

Husmortips!

Hei hei kjære alle :)

Idag er ein spesiell dag...
Rettsaka om 22.juli er igang, og atter ein gang skal alle sår rippast opp att etter dei grufulle handlingane som skjedde.
Eg kjenner at det pregar meg, og slit med å lausrive meg frå nyhendesendingane, akkurat som når det skjedde..
for å tenke på noko anna ei stund så tenkte eg at eg skulle lage eit blogginnlegg om eit smart ukeblad som eg kom over her om dagen! :)



Eg liker veldig godt små lure kjerringråd, og her er dei samla 'på eit brett' :)
Kategoriane er:
  • Skinnende rent på kjøkkenet
  • Gode råd for helse
  • Blant gryter & kaseroller
  • Lykkes med baksten
  • Gjester & fester
  • Blomster & grønt
  • Rent hus
  • Orden i garderoben
  • Tips & triks på vaskerommet
  • Bort med flekken
  • Med nål & tråd
  • Enkle tips for hjemmefikseren


















Det var eit lite bilderas av nokre av tipsa i bladet :)
Anbefaler å kjøpe dette, mykje smart å lære ;)
Så no skal eg kose meg med ein kopp te og få enda fleire
kjekke tips & triks ;)

Ha ein fin kveld ♥,


torsdag 5. april 2012

Ny header på bloggen hurra! :)

God skjærtorsdag alla i hopa :)

Eg kosar meg på påskeferie i Stryn hos verdens koselegaste familie

Etter ein sein og god frokost har eg og Janne sete å leika oss på Photoshop og laga ny header på bloggen min:) Og det har vi holdt på med i over 6 timar (!)Ser kanskje enkelt ut, men kan love at det ligg MYKJE arbeid bak ;) Tek si tid kan du sei når to perfeksjonistar skal bli bli nøgde hehe ;)

Det har vore ein del av ' Hmm.. litt mindre skrift?', 'Nei eg må vri bilde litt meir', Dueeeh vi skal ikkje prøve uten den bakgrunnen?'
...Det vil seie, EG har sagt mest og Janne har gjort hihi ;))
Fantastisk flink er ho, og tolmodig som svært få ;)Tusen hjertelig takk kjære vennen min ♥

No har vi kosa oss med deilig pinnekjøttmiddag, og vi nyter eit glass rødvin og koser oss  :)

Kva syns du om min nye header? :) 


Fortsatt god påske,

søndag 1. april 2012

Glad påsk! ♥

Hei alle sammen!

Stikker innom ein liten tur for å ønske alle dere kjære lesere av bloggen min ei vedunderlig fin og minnerik påske sammen med dei dere er glad i