tirsdag 28. februar 2012

Pusterom :)

God tirsdagskveld :)

Juhuu det er deilig med vinterferie! Eg har ein fantastisk givande og hærlig jobb, men også krevande:) Så kjente på både kropp & sjel at ein avslappande pause ikkje var å forakte :)
Min lille skatt er på ferie på fjellet sammen med pappafamilien, og koser seg masse der:)
Så Mor er åleine denne veka, og kan ha Anita-tid :)
Høyrest sikkert voldsomt ut, men innrømmer gjerne at det er godt å ha slike pusterom innimellom :) Eg trur ein blir både ein betre arbeidstakar og mor av å få samle ny energi åleine og glede seg til kvardagen igjen når 'pausen' er over :)

Idag har eg vore i byen ein tur! Bur nært, men kan ikkje hugse sist eg var der... Så det var deilig å sprade rundt i duskregnet og nyte tilværelsen :) Eg har vore på ein lang og koselig lunsj med ei venninne eg ikkje har sett på lenge, såå kjekt! Skravla gjekk, og timane like så ;) Deilig å ikkje måtte tenkte på tid og berre 'go with the flow' :)

har eg vert på 'Strikkeloftet' og kjøpt meg masse nydelig mjukt garn som eg skal strikke eit stort koseteppe av :))

Nydelige farger syns eg :)




Når eg ein sjelden gang er i byen så liker eg å 'skjemme' meg sjølv bort med deilig handlaga konfekt, som er kjøpt på ein liten skjønn butikk på Galleriet:) Her kan du bestemme sjølv kva bitar du vil ha, og den smaker heilt fantastisk!





Så no skal eg kose meg med ein deilig kopp te, nyte konfekten og sjå Fruene på tv :)


Ha ein vedunderlig kveld, 

mandag 27. februar 2012

Vinnere i høve Tid For Hjem-konk eg var med på :)

Hei hei!

Då har eg gjort ei trekning av dei to som får ei oppmerksomhet som takk for hjelpa i høve sigeren min i interiørkonkurransen som Tid For Hjem arrangerte :)

Og dei heldige er:

♥ Kari Gjertsen Aaser
♥ Therese Vadstein

Gratulerer!
 


Og igjen, tuusen takk til alle sammen som stemte på meg!
 



lørdag 25. februar 2012

Puff med vri :)

Hei i kvelden :)

Ja då er puff nummer to ferdig!

Oppskrift:
Denne gangen har eg brukt eit tjukkare Dalegarn som heiter Hubro, og strikka med rundpinne, str 10:)
Og så har eg laga den litt mindre; 40 masker og ca 120 cm lang :)

Du strikker fram og tilbake og syr kort-endane saman til slutt. Så snurper du sammen eine enden, fyller den med dyner, puter etc og snurper sammen andre enden også :)
HER finner du oppskrift på Puff Daddy fra Pickles :)

På denne puffen har eg i tillegg eksperimentert litt! Eg har fresha den opp med skrift, som er tråd eg har limt på med tekstil-lim:)

Denne skal eg ha på soverommet :)


Eg syns den blei tøff, kva syns du? :)


Ha ein fortsatt deilig laurdagskveld,

onsdag 22. februar 2012

TAKK ♥

Kjære alle dere som har stemt på meg :)


Her kan du lese artikkelen om vi som vant Tid For Hjem sin interiørkonkurranse:)

HURRA!!!! Jaggu greidde vi å dra seieren iland!!:))
Heilt utrulig.... Tenk når vi begynte låg eg på 4.plass, og når eg hadde kravla meg opp til 2.plassen var det laaaaangt opp til 1.plassen, men vi klarte det!

Eg er heilt overvelda og audmjuk over at dere har vert så engasjert og orka å henge på såå lenge! Trur vi har holdt på i 4 veker, kan det stemme?
Tipper dere er temmelig lei synet av bordet mitt no hihi ;))

Eg ønsker å sei spesielt takk til Siv-Renate som tipsa meg om konkurransen :) Du er virkelig toppen, og eg har lyst å gi deg to valgfrie 3-liters bøtter med maling som takk

Eg ønsker i tillegg å gi to av dere ein oppmerksomhet for å vise kor veldig takknemlig eg er for at dere har stillt opp for meg! Eg tenkte på å gi vekk maling til dere også, men dessverre så er det berre i ein butikk eg kan bruke gavekortet.. Og det blir temmelig dyrt og klumsette å sende den i posten om dei som vinner ikkje bur i Bergen.. ;)

Så om dere ønsker å vere med i trekninga så skriv navnet deres og email-adr i ein kommentar på dette innlegget :)

Eg trekker vinnarane på søndag 26 februar :)


Ps, blir vinnarane frå Bergen, kan dere sjølsagt få maling istadenfor ;)
Eg skulle egentlig ønske eg kunne gi dere alle ei stor bøtte med maling kvar, så snille og uthaldande som dere har vert :))♥

Så igjen, TUSEN TUSEN takk for at dere likte bordet mitt og stilte opp for meg, eg er veldig veldig glad og rørt ♥♥








Store gode klemmer til dere alle,


søndag 19. februar 2012

Vinnere av Give Away :)

God(Fastelaven)søndagskveld  :)

Ja no er det på tide å avsløre kven som er dei heldige vinnarane av speilene som eg skal gi bort! Såå kjekt at dere har vert med på konkurransen og gitt så fine tilbakemeldinger, det varmer

Min sønn har hjulpe meg med trekkinga, der eg ba han sei eit tall mellom eks 1-22, her har eg talt med antall lodd som dere har tatt, og notert ned navna :)Dette har eg gjort utifra det speilet dere ønska dere mest :)
Dei som ikkje oppga noko spesielt speil fordelte eg på alle tre :)

Speil nr 1: Janne♥ (jannebabzen@hotmail.com)

Speil nr 2: Anne Kari♥ (annekariw@online.no)

Speil nr 3: Ann Kristin♥ (annkis5@hotmail.com)

Gratulerer alle tre!


Til dere som ikkje vant, så kan eg lage favorittspeilet deres på bestilling :)

Ha ein vedunderlig kveld


lørdag 18. februar 2012

Strikkepuff :)

God laurdag!:)

For litt over ei veke sidan var eg inne på bloggen til Sissel Astrid og såg den tøffe puffen som ho har strikka :) Dette såg frykteleg avansert ut, og tenkte at aldri verden om eg greier noko slikt! Eg er som sagt ikkje eit strikkefantom, kan kun dei heilt grunnleggande tinga :) Men Sissel meinte at dette skulle no eg også greie, og etter masse coaching frå henne var eg igang ;)

Og det var jo faktisk ikkje så 'ille gæli', eg la opp 60 masker (med dobbel tråd) og spøta (som søstra mi seier ;) ca 1,5 meter att og fram. Brukte rundpinne nr 8 i str. Så sydde eg endane saman, og snurpa den først på eine enden. Deretter stappa eg oppi ei dobbeldyne og ei enkel (!) og snurpa saman andre enden også :)

Men gu nåå meg kor eg knota når eg holdt på haha:)) Tråden slitna fleire gongar når eg sydde ihop endane (litt for mjuk tråd...)
Og slitna også TO gongar når eg snurpa att puffen etter dynene var på plass. Eg hadde då prøvd fleire trådtypar, og brukte til slutt dobbel tråd på forsøk nr 3, og DÅ gjekk det ;)

Eg er veldig fornøgd med resultatet, syns den matcha fint med soffen, er nesten heilt lik i fargene :)
Eg planlegger å lage fleire, for syns dei er så fine! Lille ønsker seg ein blå, og eg har lyst å ha ein på soverommet :) Kanskje eg tørr å bruke ein sprek farge då? ;)Men denne str er ganske så stor, så lager kanskje ein litt mindre :)

Her skal dere få sjå resultatet:





Her ser dere fargane :)




Ja kva syns dere? :)

Ha ein flott laurdag!


søndag 12. februar 2012

Morsdag ♥

God morsdag alle flotte mødre!
..og spesielt til alle åleinemammaene :)
For ja, det er på nettopp slike dager at ein merker ekstra godt at vi er nettopp det... Men då følest kjærligheten fra barna og båndet mellom oss ekstra sterkt, og betyr så inderlig masse

Eg blei vekt i dag tidlig av ein veldig spent liten gutt som spurte om det var mammadagen idag, og sprang å henta gavene til mor :)
Og så fine de var! Han har laga ei gave sjølv i barnehagen samt kort, og så hadde han så veldig lyst til å kjøpe en :) Så han fekk med seg penger inn i butikken og handla ivei, skjønningen :)

Og gjett om mor blei glad!


Flotte gaver frå ein flott sønn



Og eit alldeles nydelig kort <3 <3 <3
..Legg merke til den hærlige kattepusen ;)


Konsert fekk eg også ;))

Eg og Joacim var invitert på middag idag, hos ei venninne og hennes to skjønne barn :)
Koselig å kunne feire dagen sammen, når vi begge er åleine med barna våre :)
Så da bakte eg Morsdagskake til oss :)


Veeldig fornøgd med denne hihi ;))

Så vi tok med oss kake og blomster og tusla bort til våre gode venner :)
Eli fekk samme bukett som den eg har, kjøpte ein til kvar av oss ;) Jammen syns eg vi skal hylle oss sjølve litt også :)




Tusen takk for ein minnerik morsdag kjære lille og Eli m/ barn, dere er store skatter i livet mitt :)

torsdag 9. februar 2012

Strikkedilla :)

Hei hei:)

Eg har tenkt på det lenge, og no har eg rett og slett funne fram strikkepinnane mine etter at dei har lagt brakk leeeenge ;)
Har hatt lyst å strikke eit trekk til eit to-liters Norgesglass, og no er det gjort! Er ikkje noko strikkemeister -dei evnene var det søstra mi som fekk ;) -så eg blir jo såå fornøgd med meg sjølv når eg får til noko lite hehe :))




Tenkte eg skulle ha denne ute på terrassen :) 



No har eg eit nytt strikkeprosjekt på gang, eit som er ein smule meir utfordrande og større, blir spennende å sjå korleis det blir! :)

Ha ein flott kveld


søndag 5. februar 2012

This and that ;)

God søndagskveld:)

Ja no er det ei stund sidan eg har blogga.. Grunnen er rett og slett at eg har vore veldig engasjert og oppslukt av denne interiørkonkurransen som eg er med på, i regi av
'Tid for hjem' på TV2 :)
Må jo berre sei at det har gått over all forventning, mine kjære venner på Facebook og
Tips & Inspirasjon til hjemmet har virkelig latt seg rive med akkurat som meg, og stemt & mobilisert som berre tusan! Fantastisk kjekt og nesten rørende at så mange liker bordet mitt og hjelper meg
Vi har tatt igjen hundrevis av stemmer og no leder eg!!
Men det er jevnt, er mange som har stolene på 2.plass som favoritt.. Så trenger fortsatt masse stemmer :)

Men over til noko anna :)

I helga har eg hatt 'Anitatid', lille har kosa seg sammen med pappaen sin :)
Så på lørdag skjemte eg meg sjølv bort litt, hadde ein skikkelig velværedag :)
Først sov eg lenge (som er luksus ;)så ein deilig frokost før eg reiste inn til byen :) Der var eg hos frisør og fekk deilig hodebunnsmassasje, kur og klipp :)Såå digg! Etterpå shoppa eg litt, og kosa meg med Cappuccino på kafè:) Deretter var det tid for deilig nakke/ryggmassasje og ansiktspleie.. *Sukk* så vedundelig!!
Om kvelden var eg hos ei venninne, vi koste oss med deilig mat & drikke :)
Så dette var virkelig ei vitamin-innsprøyting♥ 


Idag har eg stulla på litt i heimen, og fått brukt endå litt meir av Drivved-tapeten min :)

Eg har kjøpt meg nydelige Magnolia-kvister
som eg gleder meg sånn til blomstrer!
Denne kvasten har fått plass i ein
hermetikkboks i ny drakt :)


Hjerteblomsten har også fått
ein drivved-boks:)


Ein gammal vinkasse har fått seg
ein omgang med tapetet,love it!


Så kva syns du om mine nye sprell? :)

Minner også om Give Away'en som eg har gåande,
ha ein fortsatt vedunderlig kveld