torsdag 27. desember 2012

God jul!

God jul kjære alle sammen!
 
Uff eg har skikkeleg dårleg samvet for at eg ikkje har gitt lyd frå meg på veeldig lenge....
Advent fauk avgårde, og det var jul før eg fekk sukk for meg..
Trur kanskje eg hadde advents-jule-tåke om det fins ;)
Uansett så håpar eg at dere har ei kjempefin jul,
 eg er nettopp komt tilbake til Bergen etter å feira jul heime i Sunnfjord i barndomsbygda mi :)
Eg har hatt det kjempefint, og fått lada batteria:)
I morgen reiser eg til Levanger, skal feire nyttår sammen med min lille skatt hos ei venninne og hennar familie:)
Det gledar eg meg til!
 
 
Tenkte å vise dere nokre bilder frå litt av adventspyntinga mi, sjølv om eg kan tenke meg at dei fleste er temmeleg metta på slike blogginnlegg hihi ;)
 
  
 
 
 Elsker desse fine fuglane,
hugsar Besta hadde slike når eg var liten :)




 Min fine adventskalender som er av tre :)


 Fine stjerna som eg fekk av Annika i fjor :)


 Dette hjerte har Joacim laga



Eit av dei mange julekorta som eg skreiv :)


 Skjønne vesle juletreet vårt :)

 
 
Finaste pynten som Sissel Astid og Ingrid ga meg :)



 
Ja alle sammen, då vil eg berre ønske dere alle ei fortsatt fin romjul og eit strålande nytt 2013!