søndag 2. oktober 2011

Perfekt Anita-helg :)

God søndagskveld :)



Håper dere har hatt ei fin helg, det har eg! Den har faktisk vert heilt vedunderlig :)
Lille er på rypejakt med pappaen sin på Hardangervidda, så mor har mammafri og åleinetid :)



Min fine lille jeger :)

Starta med etter jobb på fredag, då tok eg ein deilig powernap på soffen, etterfulgt av ein forfriskande sykkeltur :) Leeeeenge sidan eg har tråkka på den, og det var ein fantastisk frihetsfølelse! Veiret har jo vert heilt uvirkelig; varmt og pent :)) Sykkelturen var ei einaste stor lykkeboble, med det varme veiret og samtidig nyte dei flotte fargene, deilige haustluktene og blide folk overalt! For eg kjenner faktisk ingen som verdset go'veir meir enn Bergensere ;) Dei popper ut som maur frå maurtua og dei er overalt! ..og smiler breidt og virkelig NYTER det :) Men det er kanskje ikkje så rart, for vi er ikkje akkurat bortskjemte med sol og varme over lang tid... ;)

Laurdagen starta med å sove til eg vakna, og det er jo ein luksus for ei åleinemor :) Litt seinere var eg nede i byen og traff gode venner på uterestaurant, så kos!


Deilig lunsj :)

På kvelden var eg også ute ein tur på byen, kosa meg sammen med noen av mine beste venner :) Var så fantastisk hærlig å sitte ute i sommarkjole og berre nyyte øyeblikket og varmen :)


Good friends :)

Så dette har vore ei perfekt helg for meg, eg har fått slappa av, vert med gode venner og samla masse energi:) Ja virkelig nyta kvart sekund :)

Eg trenger slike pustehull innimellom, berre vere Anita og 'go with the flow' utan altfor mange planar til ei kvar tid :) Og eg tenker at det nok sikkert er i Lille sin favør også at mammaen har litt 'Anita-tid' åleine.. Og ikkje minst så koser han seg såå masse sammen med pappaen, broren sin og andre familiemedlemmer :)

Så no er eg utkvilt og klar for nye utfordringar på jobb i morgen:)

Til slutt vil eg ønske alle ei fin ny uke, og husk:



Varme gode klemmer frå ei glad frk Åsnes :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Blir veldig glad
om du legg igjen ei koseleg helsing
når du har besøkt meg her inne:)♥