søndag 18. september 2011

Thoughts and things.... :)

Hei kjære alle sammen :)♥

Håper dere har hatt ei finfin hausthelg :)

Er ikkje så ofte eg får anledning å skrive her inne, jobben og min lille skjønne kråkebolle tar all mi tid... Er masse hobbyting eg har lyst å lage, men er vanskelig å finne tid og energi.. Eg håpar ting roer seg litt etterkvart, så eg får utfolda meg på den fronten igjen! Eg har også fått lånt meg ei symaskin, eg har lyst til å prøve å sy litt:) Det har eg ikkje gjort sidan 8. klasse på ungd.skulen haha :))

Så over til noko heilt anna...

Lille har i det siste spurt fleire ganger om ikkje eg snart skal få meg ein kjæreste.. Eg flirte berre første gangen han sa det, men så spurte han meg igjen idag, og eg spurte kvifor han ville at eg måtte få meg ein kjæreste. Svaret eg fekk då kjente eg skar meg litt i hjertet, han sa at han ville ha meir selskap.. Er vel slike ting som gir ekstra dårleg samvet etter eit samlivsbrudd.. No er det to år sidan, og han meiner tydeligvis at det er dags å få ein mann i hus... Så kva skal ein svare til slikt da?? Uff nei det er ikkje berre enkelt for dei små.. Så får tida vise da, om det dukkar opp ein prins i livet til mor etterkvart :)


Eg har forresten fått eit nummerert bilde av 'Hjertegod' i ramme og på veggen endelig!! Dette bildet er såå fint og eg syns det seier så mykje :)

Eg bestillte det hos kunstnaren Merete Iversen, ei trivelig dame frå nord :)









Ja det var litt frå meg, blir glad for helsingar og 'brev', kjekt å høre korleis det går med dere!:)

Haustkos frå frk Åsnes ♥

2 kommentarer:

  1. Flott innlegg på bloggen din. Du kommer til å finne din hjertens kjære. Jeg fant min da jeg var 45 år, og vi er fremdeles så avhengige av hverandre, og storkoser oss sammen.♥ Ikke gi opp, plutselig så dukker han opp.♥

    SvarSlett
  2. Hehe eg stresser ikkje med det, er vel heller min sønn som er svært så opptatt av akkurat det..... Han savner nok ein mann i huset... Heldigvis har han ein flott pappa :) Veldig kjekt at du har funne din ridder, kanskje eg får hilse på han ein gang? ;)

    SvarSlett

Blir veldig glad
om du legg igjen ei koseleg helsing
når du har besøkt meg her inne:)♥