fredag 22. juli 2011

Lys i mørket...

Hei alle sammen ♥
Eg må berre sei at eg er heilt i sjokk etter kva som har skjedd i vårt kjære vesle høgt-elska Norge i dag... Først bombinga i Oslo sentrum, og deretter får vi høyre om hendinga på Utøya :(
Kven er det som er så gjennomsyra av hat at ein ynskjer å drepe uskuldige ungdommar???? Og det verste er jo at dei trudde det var ein påliteleg politimann som skulle gi info om det som skjedde i sentrum av Oslo :(
Stakkars dei som vil få varige sår både fysisk og psykisk resten av livet, etter å opplevd noko så traumatisk :( Mange har sikkert sett venner bli skutt og mange var livredde medan dei prøvde å gøyme seg...

Eg tenker at det viktige her no er å ikkje miste gangsynet og la terrorisme spre enda meir hat og frykt...Saman er vi sterke og vi er så glad i det frie og gode landet vårt.. Så vi må prøve å leve slik vi har gjort, sjølv om dette vil prege oss for alltid... 
Mine tankar går til dei som har mista nokon dei er glad i, og dei som har opplevd dette grusomme som har skjedd idag :(

TA VARE PÅ KVARANDRE ♥ , gi blaffen i detaljar som ikkje betyr noko og fortell dei du bryr deg om at du er glad i dei ♥ Vi har fått bevisst i dag at vi ikkje er "unbreakable" og slike grusomheiter faktisk kan skje "her heime" også...




Eg tenner eit lys for dei som treng det,og mine tankar går til dei berørte..

Varme klemmar frå frk Åsnes ♥



2 kommentarer:

  1. anita <3 jeg sitter og ser på bilder på tv og har vanskelig å tro at dette skjer bare 45 min fra hvor jeg bor....kan ikke forstå at et menneske kan få seg til å begå en sånn grusom handlig mot sine medmennesker!...tenner masse lys for de som er skadd, pårørende og norges befolkning! klem tone

    SvarSlett
  2. Jeg tenner også masse lys i kveld, enda det er lyst ute her. MEN tenker masse på alle de innvolverte, for dette var GRUSOMT!

    SvarSlett

Blir veldig glad
om du legg igjen ei koseleg helsing
når du har besøkt meg her inne:)♥